Bokn kommune

Bokn Kommune

Bokn kyrkje
Bokn blei oppretta som eige kyrkjesokn og med eiga kyrkje og prest tidleg på 1100-talet. Den fyrste lutherske presten fekk Bokn i 1560. Kyrkjebygg har ein hatt i Bokn sidan mellomalderen. Den fyrste kyrkja var ei stavkyrkje og var plassert i området der dagens kyrkje står. Stavkyrkja blei erstatta av ei tømmerkyrkje i 1686. I 1847 stod dagens kyrkje ferdig bygd, tre år før Bokn blei eigen kommune. Dagens kyrkje er teikna med utgangspunkt i Nærbø-kyrkja, og teikningane var laga av slottsarktiekt Hans Linstow. Den aller fyrste saka den nye kommunen hadde oppe til handsaming etter at han blei oppretta i 1850, handla om ein fordelingsnøkkel på nedbetaling av den nye kyrkja. Det hadde seg slik at byggegjelda skulle liknast ut på alle eigedommane i bygda slik at kvar skulle vera med og betala etter økonomisk evne. Men det blei mykje usemje om kven som skulle betale og kven som skulle sleppe.

Bokn radio- og fjernsynssendar

Boknafjellet er eit landemerke for boknarane og eit seglingsmerke for sjøfarande. Når nederlendarar og andre nasjonalitetar kom seglande inn mot norskekysten, var Buch van See, det nederlandske namnet på Bokn, det fyrste dei såg. For sjøfarande har fjellet til alle tider vore eit viktig seglingsmerke. På toppen sto frå utgammal tid ein brannvarde  og i moderne tid, frå 1960, Bokn radio- og fjernsynssendar. Frå denne 170 meter høge masta sendar Norkring ut bilete og lyd for tv og radio. Boknafjellet på 294 m.o.h. er det høgaste punktet mellom Siggjo på Bømlo og Synesvarden på Jæren. På klare dagar kan ein sjå store delar av Rogaland og Hordaland.

Strandstaden i Alvestadkroken

Alvestadkroken er ein gamal strandstad, og den fyrste husmannen slo seg ned her omkring 1670-talet. I høgmellomalderen var Alvestad mellom dei større gardane i bygda. Rett etter reformasjonen blei han vurdert til 48 spann – 370 kilo – landskyld. Som gardar flest i Bokn, levde folk på Alvestad dels av jorda, dels av sjøen. Frå gamalt av har garden heitt Olvirstad – bustaden til Olvir. Og Olvir må anten ha vore bureisaren på garden, eller så og ein svært kjend bonde på garden ein gong tilbake for eit par tusen år sidan. I hamna her kunne båtar ankra opp før fjordkryssinga. Alvestadkroken var den siste hamna før kryssinga av Boknafjorden. I den samanhengen blei det ytt ymse tenester, for eksempel vøling etter ei hard fjordferd eller skaffa vatn og proviant. Her blei det etterkvart ein liten strandstad som på 1800-talet fekk både dampskipsbrygge og landhandel. Mens det berre budde fem personar her i 1801, auka det jamnt oppover 1800-talet. I 1891 budde det ni bondefamiliar i Alvestadkroken og tolv andre familiar. Her budde det elles bakarar, to landhandlarar, seks fiskarar, ein skomakar, sjøfolk, tømmermenn, fyrvaktar og etterkvart ein murar. Bakeriet som låg her sysselsette tri bakarar og leverte brød heilt til Tysvær. I 1849 fekk Boknasundet sitt eige fyr. Det blei sett opp på ein svær gravhaug og skulle opphavleg brenna under sildefisket, frå 12. desember til 1. mars. All aktiviteten i og ved Kroken førde også til krav om eiga dampskipsbrygge. Særleg stod landhandlarane på, og i 1880-åra kom ho. Det var Haugesunds Dampskipsselskap sine båtar som hadde anløpa sine her i motsetning til Føresvik der båtane til DSD la til. Nokre av dei siste båtane som gjekk innom her, var ”Tonjer” og ”Tre Måker”.
Handelsdrift har det vore uavbrutt frå 1800-talet og fram til butikken i Alvestadkroken blei lagt ned i 2005.

Tusenårsstaden i Bokn

Nyoppreist kvernhus og opparbeida møteplass ved Kvednabekken frå Boknabergsvatnet til Boknasundet. Kom og opplev det autentiske miljøet for om lag 100 år sidan, der folk malte korn frå 12 kvernhus nedover langs bekken, som også blei nytta til drikkevatn og klesvask. 

Bautastein over Asbjørn Kloster

Eit steinkast aust for Bokn kyrkje står ein bautastein over grunnleggjaren av den moderne fråhaldsrørsla i Noreg, Asbjørn Kloster. Han vart fødd på Boknaberg i 1823. Den oppvakte guten lærte seg engelsk på eiga hand og fekk etter ei tid solid utdanning ved kvekarskular i England. Han blei sentral innan norsk kvekarrørsle på 1800-tallet. Kloster spela ei aktiv rolle både som forkynnar, pedagog og, mot slutten av livet sitt, som forretningsmann og skipsreiar. Steinen er reist i 1923 – nøyaktig på 100 års dagen hans.

Kildehenvisning: https://www.bokn.kommune.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/