Minner fra krigen
Skrevet av Arne Sunnanå - Januar 2000.




I den fyrste delen skriv eg litt om då tyskerane tok til å byggja festning på Fjøløy, Mosterøy. Dei sette i gong eit svært arbeid der mange folk tok del i arbeidet. Dei nytta skulen på Utstein Kloster som bustad. Klosteret ville dei ha som ammunisjonslager i starten, men det vart hindra. Dei sette opp mange brakker på festningsområdet. Svære kanoner vart og sette opp. Kanonane skulle dekkja heile innlaupet til Stavanger og Ryfylke. Dei hadde og eit kraftig luftvern, og to digre ljoskasterar. Ein på Fjøløy Fyr og ein på sjølve festningsområdet. Når engelske fly kom for å bomba vart ljoskasterane satt på og lyste opp i lufta for å sjå flya. Luftvern-kanonene skaut slik at det vart ein svær kanonade og sporlys etter granatane lyste opp. Så det var kraftig fyrverkeri som vart sett i gang. Mange av soldatane som var på festningen var frå Østerrike. Dei var lite rundt på øya,og heldt seg helst på Fjøløy. Under utbygginga av festningen var det fleire nordmenn som tok arbeid der. Dei fekk god betaling for dette arbeidet. Mange frå området rundt Fjøløy og Finnesand var fiskarar, og dei fekk seg kjærkomne ekstrainntekter på dette viset. Her var ikkje nazistar på øya. Eilert Scanche, som eigde Kloster garden, kalla me litt stripete (me visste ikkje då at han var spion for Norge). Til han kom fleire tyske offiserar som han var "god kompis" med. Han festa og sjenka dei slik at dei vart fulle. På det viset fekk han mange opplysningar om alt som skjedde på fortet. Søyland frå Stavanger var også ofte hjå Schanche. Han hadde sendar og fekk difor videreformidla opplysningane til England.

I kring 1943 fekk tyskerane ein svær sjæferhund. Det var då fare for at dei kunne finna fram til radiosendaren. Schanche fekk då ordre frå den Norske motstandsbevegelsen om å fjerna hunden så snart som mogleg. Han fekk eit høve då tyske offiserar kom til ham og ville sjå seg om i klosteret. Dei gjekk inn i klosteret og lot hunden vera att utanfor. Schanche fekk lokka med seg hunden opp i løa og slo den ihjel med ei øks. Han grov den inn i gjødselkjellaren. Tyskerane kom ut og såg at hunden var borte. Schanche sa at den hadde lagt i veg etter nokre sauer den vegen ... Dei leita etter hunden ei god stund. Drog så til fortet og kom attende med fleire soldatar for å leita. Dei fann ingen hund. Seinare kom gestapo og Schanche vart teken til fortet. Han og dei aktuelle offiserane måtte igjennom harde forhøyr. Schanche slapp ut att med skrekken, mens to av offiserane vart sende til Østfronten.

Lars Ramdal, naboen vår, vart arrestert. To nazistar kom og førte han til Stavanger. Han vart send til ein fangeleir på Berg på Østlandet, og var der til krigen var over. Han hadde gitt ut et skriv med nyheter og oppmoding mot nazistane.

Johan Vaula, og ein nabo og god kamerat av meg, var matros på rutebåten som gjekk mellom Kvitsøy og Stavanger. På Kvitsøy bygde tyskerane ein svær festning. Han hadde brev med seg frå motstandsfolk og vart teken. Han vart sendt til Grini, ein stor konsentrasjonsleir i Norge. Han sat der til krigen slutta. Han var svært dårleg då han kom heim.

Her var og fire personar som spela bridge kvar veke.Dei vart arrestert og satt i fengsel i Stavanger eit par veker før dei kom heim att.

Alle måtte levera inn radioane sine, slik at me ikkje skulle få lov til å høyra nyheter frå London. Alle radioane vart sett inn på ein sal på det gamle skulehuset på Mosterøy, ein tidligare kommunesal. Far var lærar og hadde nøklar til døra. Vi kunne difor ta radioen og høyra nyheter. Men i slutten av krigen fekk me ein Nazi lensmann. Han kom og såg på lagringa av radioane. Han tok då og plomberte døra. Han såg heldigvis ikkje ei luftluke i taket på lagerrommet. Me tok då ein radio opp luka og grov den ned i golvet i hønsehuset og satte eit mattrau over. Slik var det at me sat i hønsehuset og høyrde nyheter frå England under resten av krigen. Ellers var her mange som henta radioane ut frå lagerplassen. Dei kløyv oppå taket på skulehuset. Tok av takglaset og kom seg inn i skulehuset og tok med seg radioen. Svært mange her på Mosterøy hadde ein radio gjøymd.

Her var solid motstand mot alt som hadde med nazistyret å gjera. Ordføraren sa opp stillinga, og dei fann ingen som ville ha det vervet under nazistyret. Til slutt fekk dei en ordførar frå Stavanger. Me høyrde lite til han. Lensmannen slutta og av etter ei tid. Me fekk då ein ny lensmann frå Stavanger.

Skulane gjekk som normalt. Ikkje noko nazipropaganda der. Mange lærarar vart arrestert. Far, Vilhelm, var med i eit hemmeleg lærarråd for heile Rogaland. Han var stadig på farten på møte. Dei la planar om korleis lærarane skulle oppføra seg mot nazistyret og sende rundskriv. Dei hadde mange møter i eit hønsehus på Undheim på Jæren. Dei reiste og til Sand i Ryfylke. I 1943 vart det sent ut arrestordre mot alle lærarar som ikkje ville melde seg inn i Nasjonal Samling (NS partiet til Quistling). Ingen her rundt ville melda seg inn og det vart då sett ein viss dag dei skulle arresterast. Me hadde framleis gamle lensmannen då, og han var vekkreist den dagen. Dagen etter fekk han ordre om ikkje og arrestera lærerane i kommunen. Dei hadde arrestert så mange den fyrste dagen at dei ikkje hadde plass til fleire. Far var heldig og slapp arrestasjonen. Lærarane som vart arresterte vart sende til ein leir i Nord Norge, og dei leid mykje vondt der.

Det var forbudt for ungdom å holda dans. Men far ordna det så til at dei fekk ei stue i gamle skulen der dei fekk lov til å ha folkeviseleik. Der var ein kar, Sigurd Dysjaland, som var svært flink med trekkspelet. Han syte for at me fekk både vals og tango.

Nazistane sette i gang noko som dei kalla "militære", men der ein nytta spaden som gevær. Dette var ein slags militæropplæring. Ein stor leir vart oppretta i Vikedal. Dei som arbeide i jordbruket skulle sleppa. Dei som vart innkalla arbeide mykje i skogen med hogst. To av kameratane mine vart sende til Østlandet og jobba i skogen der ved Kongsberg.

Her vart straks sett i gang rasjonering av matvarer. Ei forsynsnemd skulle syta for å dela ut rasjoneringskort. Det var rasjonering på svært mykje. Særleg bakemjøl, brød og sukker vart rasjonerte. Størrelsen på rasjoneringen minka jo lengre krigen varte. Det var mange i byane som hadde vanskar med å få mat nok. Skor var det også vanskeleg med. Me fekk rasjoneringskort til å såla gamle skor. Det vart mykje til å gå med treskor for oss på landet. I slutten av krigen kjøpte eg ein ganske fin dress. Ein dag var eg ute i regnver med denne dressen, og då vart dressen heilt øydelagt. Det var visst noko papir i tøyet, slik at dressen gjekk heilt i oppløysing. Armane fekk nær dobbelt lengde og buksebeina kom under skorne.

Her kom og ein kar frå England til oss. Håvardsholm hette han, og han hadde vore rektor på folkehøgskulen på Sand i Ryfylke. Han var godt kjent med far. Han skulle danna motstandsgrupper, men nazistane hadde fått opplysningar om at han var komen til landet. Han hadde nær vore teken fleire gonger. Han hadde fått ein robåt og rodde med den båten frå Sand til Mosterøy. Han budde hjå oss fleire dagar og kvilde ut. Mens han var her såg han seg om på øya. Han fann då ut at ein lang strekning av vegen på Voll kunne tjena som landingsplass (flyplass) for jagarfly. Han rodde så vidare til Karmøy. Der fekk han med seg ein gjeng med ungdom og la i veg med ei skjøyte. Det var avtala med ein ubåt som skulle plukka dei opp og føra dei vidare til England. Det blei full storm den natta og skøyta forliste, så dei kom seg aldri til England.

Eg har ikkje skrive om at to britiske bombefly vart skote ned. Eit fly kom over oss ein kveld I 1940. Eg såg det flaug mot Stavanger. Like etter såg me at det brann i Stavanger. Flyet hade styrta ned på Storhaug. Eit hus brann heilt opp. Ein kaptein eigde huset. Han hadde hytte på Mosterøy og var der då dette skjedde.

I september 1940 reiste eg til Klepp for å gå på Jæren Folkehøgskule, vinteren 1940-1941. Eg hadde ein gild vinter der. Det vart forlange at me måtte skaffa oss pass. Ein av lærerane der, K. K. Kleppe ( det var han som hadde vore på Stortinget og berga seg over fjellet til Mosterøy då krigen starte), han ordna med fotografi og pass for oss. På skulen budde og jordbruksskule elevar. Jordbruksskulen på Øksnevad var under bygging. Skulestovene stod ferdig men det var ikkje nokon plass til å bu for elevane. Jordbruksskuleelevane måtte sykla til Øksnevad for undervisning. Eg fekk ein jordbruksskule elev på rommet mitt. Me budde heilt på toppen av huset med ei herleg utsikt over havet. Eit stort skip hadde vorte bomba og sett på land der. Det låg visst der heile krigen igjennom. Erling Auestad, heitte romkameraten min. Han hadde vore i garden, og deltatt i kampane mot tyskerane i Gudbransdalen. Det hadde vore harde kampar. Særleg var dei tyske flya farlege. Då dei norske styrkane overgav seg, rømde han til Sundalsøyra. Der jobba han på eit gardsbruk ei tid før han kom heim til Auestad ved Sandnes. Han fann kona si der på Sundalsøyra. I dag bur han på Sundalsøyra og driv ein stor gard. Me har framleis god kontakt med kvarandre.

Me hadde ein fin vinter på skulen. Såg ikkje så mykje til soldatar. Eit stykke frå skuten låg eit luftvernbatteri, så det var ei svær skyting når Engelske fly kom til Sola flyplass og bomba. Det var ofte me høyrde granatsplinter som landa på pannetaket. Den 22 februar 1941 var det stor samling av hestar på eit område rundt skulen. Det var jærbønder som måtte koma med hestane sine. Tyskarane skulle velja ut dei beste hestane for å nytta dei i militæret. Det var surt vær og alle måtte vera der heile dagen. Tyskarane tok ein heil del hestar. Ellers var me helst fri tyskarane. Men då skulen slutta sumaren 1941 flytta tyskarane inn på skulen og i lærarbustaden. Dei mannlege lærerane på folkehøgskulen blei sende til Grini, men kom ut att etter 3 månader. Det blei ikkje meir skule før etter krigen. Tyskarane hadde øydelagt så mykje på husa at ny skule måtte byggjast.

Erling Auestad og eg vart gode vener. Sumaren 1941 tok eg jobb som dreng på garden heime hjå Erling. Dei hadde ein stor gard med 20 mjølkekyr. Tyskarane bygde ein stor militærleir like ved garden, Vatne leiren. Der var alltid stor traffikk. Store kolonner med militære på vegen. Der er fortsatt ein militærleir der i dag. Eg hugsar særs godt ein morgon me sat til frukost og høyrde at Rudolf Hess hadde rømt til England. Ja då vart det jubel. Når ein av dei øverste sjefane i Hitlerstyret reiste til England. Ja då meinte me at krigen snart var slutt. Dessverre var den nett starta for alvor.

Hausten 1941 kom eg inn på jordbruksskulen på Øksnevad. Me måtte bu rundt på gardsbruk i nærleiken av skulen. Eg og Einar Kaada, ein annan frå Mosterøy, budde hjå Envald Stangeland ca. 3 kilometer frå skulen. Skulebygga ville ikkje verta bygd ferdig for då ville tyskarane ta skulen i bruk. Me hadde lite kontakt med tyskarane på skulen. Me hadde ein fotballbane på skulen der me var og trena. Ein gong kom tyskarar som ville trena ilag med oss. Me ville ikkje ha noko med dei å gjera og me spende vekk ballen for dei. Me vart då jaga av banen. Dei hadde rapportert til styraren på skulen. Me fekk kjeft og måtte oppføra oss fint.

Me sykla til Sandnes av og til. På Gandalen var alltid ei veisperring med måtte igjennom. Her var og passkontroll av og til. Tyskerane hadde bygd eit kjempestort steingjerde nesten tvers over Jæren. Dette var ca. 2 meter høgt og 2 meter bred. På Gandalen var opninga på dette gjerdet. Heile skulen var på tur til Hillevåg til hesteutstilling ein fredag. Einar og eg fann ut at me ville heim til Mosterøy ein tur. Me sykla til Dusavik og stol ein båt der og rodde til Mosterøy. På sundagen tok me på heimveg att,. Det vart mørkt og me hadde ikkje lov av tyskarane å ferdas på sjøen etter at det vart mørk. Ein vaktbåt låg inne ved Ullsnes. Den hadde kraftige ljoskastarar og lyste opp av og til. Me var heldige og gjekk klar. Me la båten på plass der me hadde teke den, og sykla til Øksnevad. Det var ikkje passkontroll den natta. Ei veke etter den turen fekke eg passet mitt i posten. Eg hadde mista det i båten. Var heldig som ikkje kom ut for passkontroll akkurat den gongen. Dei som eigde båten fekk navnet på den som hadde stole båten.

Våren 1943 var eg ferdig på jordbruksskulen og kom heim til Mosterøy. For ikkje å verta innkalla til Arbeidstjenesten, tok eg meg arbeid på eit gardsbruk på Mosterøy, hjå Harald Dirdal.

Ein dag var eg i Stavanger og hadde kjøp nokre winerbrød som eg skulle ha med heim. Då eg var på veg gjennom Verksgata kom ei heil kolonne av vogner med russiske fangar. På kvar side av kvar vogn gjekk ein tysk vaktmann. Då vakta på den siste vogna hadde ryggen til kasta eg posen med winerbrøda oppi til fangane. Den tyske vakten snudde seg akkurat tidsnok til å sjå at handa mi var oppi lufta og på vei ned igjen. Han brøla og spurde meg om eg hadde gitt noko til fangane. Han tok tak I meg og stillte meg opp etter husveggen. Eg vart livredd. Han spurde og russerane om dei hadde fått noko frå meg. Dei nekta for det og etter litt slapp han meg. Det var ei uhyggelig hending og oppleva.

Vinteren 1942-43 var svært kald med ein iskald nordavind. Einar og eg hadde 3 km veg til skulen fire gonger tur retur. Først til skule og så til kveldsmat om kvelden. På Mosterøy fraus vassledningar til. Så det var mange som hadde store vanskar med å få vatn. Det var lite snø og det fraus difor til langt ned i jorda. Det låg svære isflak på fjorden. Isen kom rekande langs kysten. Heilt i frå Østersjøen. Rutebåten mellom Mosterøy og Stavanger hadde vanskar med å gå. Ellers var det gode meldingar i radioen. Tyskarane måtte standa framrykkinga i Russland.

Sumaren 1943 var eg i arbeid hjå ein nabo her. Arbeide i høyslåtten. Me høyrde ei kraftig skyting frå Stavangerkanten. Då kom eit svært bombefly mot oss. Det fauk ganske lågt. 2 tyske jagarfly fulgte detter og skaut mot flyet. Bombeflyet fauk mot Rennesøy. Greide så vidt og fyke over fjellet. Så datt det ned på Østhusvik på Rennesøy. Ein stor minnestein er sett opp over dei falne. Dei fleste av mannskapet var frå Canada.

Me på landet hadde det nok mykje betre enn dei i byane. Me dyrka korn og poteter og lurte oss til å slakta både griser og kyr. Sjølv om me hadde kontrollørar som skulle sjå etter at me ikkje lurte unna noko. Når bøndene skulle treska korn om hausten var kontrollørar rundt og talde på kornsekker. Det var nokså enkelt å lura unna nokre kornsekker. Dei forsvant ned i høystaden. Me hadde og mange kaniner som me slakta. Bøndene var svært populære i denne rasjoneringstida. Byfolk var stadig ute på landsbygda og fekk kjøpa seg noko ekstra matvarer. Olav Edland, ein bonde her på øya, hadde laga seg ei kvern til å mala korn med. Han hadde teke i bruk gamle kvernsteinar og sette ein elektrisk motor til å driva dei. Eg var til han med nokre kornsekker. Kverna var skjult inni eit rom i løa. Då eg kom inn i løa var det eit svært råk av mjøl og støv. Mannen var heilt kvit av mjølstøvet. Eg fekk då kornet malt. Far hadde og ein god forbindelse med ei mølla på Madla.

Her gjekk daglig rutebåt til Stavanger. Bøndene sende mykje mjølk til kjende og vener i Stavanger. Gangane i båten var fylt med spann og andre matvarer. Dersom det kom kontrollørar då båten kom til Stavanger vart alt dette lempa på sjøen for at ikkje kontrollørane skulle beslagleggja varene.

Kjøt var det og vanskeleg med. Me hadde mange kaninger og dei slakta me. Kvar haust var her stor marken i Hillevåg i Stavanger. Der var mange føl. Hesteføla var vanskeleg å verta av med. Far kjøpte eit hesteføl. Det slakta me. Ein som heiter Tomas Selvik var ein flink slaktar. Eg var med han og slakta ein gong. Eg tykte det var trist å slakta det fine føllet. Mykje mat vart send til Stavanger i krigsåra. Det var vanskeleg med mat for mange dei siste åra av krigen. Ja så var det tobakk då. Tobakksplanten kom i vinden. Etter eg kom heim frå jordbruksskulen ale eg fram kål og tobakksplanter. Eg hadde eit stykke med tobakksplanter. Tørka blada og sende dei til ein fabrikk i Stavanger og fekk laga tobakk. Heimeavla som me sa. I Stavanger Aftenblad var lange rekkjer med annonser over ting dei ville gje i bytte med tobakk. Eg reiste til Stavanger og bytte til meg ein ryggsekk ein gong. Dei fekk mange åskjer tobakk. Eg røykte ikkje sjølv så eg trong ikkje den sorten.

Ja så kom freden då endeleg. Den 8 mai 1945 var eg i Stavanger. Då eg kom heim utpå dagen hadde far heist flagget. Ja det var herleg. Det var jubel og glede. Far og Kristian Edland hadde avtale om kvem som greidde å heisa flagget fyrst når freden kom. Far var i hønsehuset og høyrte på radioen. Fekk høyra at tyskerane hadde overgitt seg. Heisa flagget før alle andre på Mosterøy. Han fortalde og at han hadde vore ute på hovedvegen etter at flagget var til topps. Det kom ein tysker gåande. Det er fred - hadde far sagt til han. "Fred" ropa tyskeren og hoppa og slo armane over hovudet og sprang utover mot Fjøløy. Ja det var utruleg jubel i landet.

Den 9 mai reiste eg og nokre kameratar til Stavanger. Me ville sjå korleis det vart feira der. Me stod i ei gate eit stykke frå Grand Hotell. Tyskerane hadde overteke det. Medan me stod der såg me at tyskerane sette fyr på hotellet. Eldljogane slo ut frå ei vindu i 2 høgda. Ei tid etter stod heile hotellet i flammar. Utover dagen samlast mykje folk på torget og gata mot jernbanen. Nokre ungdomsgjengar hadde lange hårtuster og sakser i beltet. Dei hadde klippa håret av jentene som hadde vore i lag med tyskarar. Ellers gjekk det roleg for seg. Ikkje tyskarar i gatene. Mykje folk stilte opp på sidene av gata frå jernbanen og heilt til torget. Det var heimefront soldatane dei venta på. Me måtte ta neste båten heim. Det var ingen som tenkte på å arbeida. Alle gjekk i ein festrus. Me hadde fått radioen i huset. To jenter kom forbi her. Dei hadde ikkje høyrt på radio sidan før krigen. Dagny og Liv var med inn og fekk høyra radio. Heile landet var i festrus.

Utpå sumaren blei eg innkalla i militærtjeneste. Eg møtte opp på Madla militærleir. Me gjekk heile dagen for å få utlevert uniformer og utstyr. Om kvelden skulle me få mat. Me hadde ikkje sett kvitt brød på mange år. Så nå var det berre kveitebrød. Ja då gjekk det på brødet. Skivene forsvant mest før dei kom på bordet. Me hadde ikkje vore i militæret før. Fekk nokre dagar med eksersis. Skulle læra å gå skikkeleg. Noko undervisning i våpenbruk. Eg og kameraten min Karstein vart uttekne til militærpoliti. Var på skytebana og skaut noko med pistolar. Me vart så sende til Lyngdal. Der var ca. 3000 tyskerar i Romleiren. Dei sende me ut av landet i båtar som låg i Farsund. Me var i Lyngdal til våren. Då var alle tyskerane ute av landet. Så drog me til Madla og vart fri frå militæret utpå sumaren.

Dei 5 åra krigen varte dreiv mykje i land på strendene på Mosterøy. Det var så og sei berre havet mot vest. Det dreiv på land lik etter som båtar vart søkte. Det var lagt ut mange miner for å sprengja fientlige båtar. Minene sleit seg av og til og dreiv på land. Ei mine dreiv på land ein stad der det var drivhus. Den eksploderte og mykje av drivhuset vart øydelagt. Ellers tok tyskerane seg av minene. Dei ordna det slik at ikkje alt sprengstoffet gjekk av. Der låg ofte noko grønt sprengstoff att. Stykka var stor som små ballar. Det var ypper leg til å sprengja stein med når me dyrka jorda. Pikka sprengstoff sundt til eit slags mjøl. Ein gubbe dynamitt og det grøne sprengstoffet. La det oppå steinen og hadde blaut mold oppå. Dette slo store steinar til småstein. Tre karar frå Dysjaland fann ei svær mine i strandkanten. Her skulle dei ta mykje sprengstoff meinte dei. La på noko dynamitt. Fyrte på lunta og gjøymde seg bak eit skur. Mina gjekk av. Ein svær eksplosjon. Eg sto ute på tunet ved huset då, ca. 3-4 km unna. Eg kjende lufttrykket heilt heim. Dei sprengde ikkje fleire miner. Krigen var slutt. Svære mengde ammunisjon på Fjøløy fort. Det vart teke opp or kassane og kasta på sjøen. Slik at trekassane flaut opp. Ein kar på Dysjaland var ute og sanka mykje rekved for å fyra i ovenen med. Hadde vore uheldig og teke ein liten trekubbe med knallhetter og lagt i ovnen. Ovnen vart sprengd sund. Han vart ikkje skada, men heile stua vart heilt svart. Vart ikkje brann heller, så han var heldig. Ja dette var noko etterdønningar frå krigen.